Hopp til innhold

#Inspirasjonsbonde

Økologisk erfaring vil koma alle til nytte

– Erfaringar i økologisk dyrking vil med tida koma til nytte også i konvensjonell drift, meinar fruktbonde Lars Nå i Hardanger. Han dyrkar vel 20 dekar med økologiske plommer.

På ein gamal slektsgard under Folgefonna, på vestsida av Sørfjorden i Hardanger, driv bonden Lars J. Nå med frukt, som så mange andre bønder i dette området.
Omsetninga av økologisk frukt har auka med nesten 40 prosent dei seinaste åra. No vil marknaden at fleire fruktdyrkarar i Hardanger skal satse økologisk. 
Lars J. Nå er ein av dei utvalgte #Inspirasjonsbøndene Landbrukets ØKOLØFT.

–  Me burde i større grad kunna få til å dyrka økofrukt sjølve

Burde få til økofrukt sjølve

– Garden kan fylgjast attende til 1500-talet men har sannsynlegvis vore driven enno lengre, fortel Lars. Sjølv tok han over garden i 1977, og etter det har han drive som heiltidsbonde konvensjonelt med eple, pærer, plommer og moreller.

– Kva var bakgrunnen for at de la om til økologisk drift? 

– Eg hadde ulike styreverv i Gartnarhallen tidleg på 2000-talet og utover. Eg deltok då på ein del møte der ein diskuterte tiltak for å auka den økologiske produksjonen av frukt og bær. Dette med tanke på å oppnå dei nasjonale måla som den gong var sett. Økofrukt i butikk var då stort sett importert. Dette burde me i større grad kunna få til å dyrka sjølve i norsk sesong.

Då dei økologiske føregangsfylka vart oppretta i 2010, kom Lars med i styringsgruppa for føregangsfylket frukt og bær.
– På denne måten kom interessa for å prøva ein del av dyrkinga som økologisk, fortel han.

Plommer var enklast

– Kan du fortelja litt om kva de produserar? 

– I starten fall valet på å legga om plommeproduksjonen, sidan plommer krev ein del mindre plantevernarbeid enn eple. I den konvensjonelle plommedyrkinga brukte eg også husdyrgjødsel som grunngjødsling, her ville det difor ikkje verta nokon endring.

Lars Nå dyrker økologiske plommer i Hardanger. Sorten her er 'Jubileum'  FOTO: Privat
Lars Nå dyrker økologiske plommer i Hardanger. Sorten her er 'Jubileum' FOTO: Privat

Egna eplesort for økologisk dyrking

I dag har me vel 20 dekar plommer økologisk. Me har og om lag 2,5 dekar eple  økologisk for å prøva det, den nyare sorten Rubinstep, med Raud Aroma som bestøving. I tillegg har me 23 dekar eple konvensjonelt og 1 dekar moreller. 

– Nokre særskilte utfordringar som økologisk drift byr på? 

Dei største utfordringane i økologisk plommeproduksjon er for meg vegetasjonskontroll i trerekkjene og avlingsregulering utan kjemiske midlar.

Det er og ein utfordring med mangel på gode plantevernmiddel mot insekt i nyplanting, særleg lus. 

«Visp» til tynning

Når det gjeld vegetasjonskontroll har eg valt å la graset veksa inn i trerekkjene og slå det 2-3 gonger med motorljå. Dette arbeidet er vesentleg meir tidkrevjande enn å bruka kjemiske ugrasmidlar.

Avlingsregulering, tynning, er heilt nødvendig i plommer. I dei sjølvpollinerande sortane brukar me først ein batteridriven "visp" for å gjera "grovarbeidet" og deretter handtynning. På dei andre sortane er det berre handtynning.

Til nytte for alle

 – Noko ved økologisk drift som du meinar at konvensjonelle bønder ville hatt god nytte av?

I konvensjonell drift må ein sannsynlegvis sjå for seg meir avgrensa tilgang på kjemiske midlar i framtida. Glyfosat, som er mykje brukt, kan til dømes gå ut.  Erfaringar i økologisk dyrking som vert gjort innan mekanisk vegetasjonskontroll i trerekkjene, kan då koma til nytte og i konvensjonell drift.

Det same gjeld tiltak for avlingsregulering, der også mekanisk utstyr kan brukast som erstatning for kjemiske midlar.  

På plantvernsida kan erfaringar med bruk av vegetabilske midlar som planteoljer, vera til nytte også i konvensjonell drift. 

Plommefelta på Nå strekkjer seg heilt ned til fjorden  FOTO: Privat
Plommefelta på Nå strekkjer seg heilt ned til fjorden FOTO: Privat

Garden Nå i Hardanger ligg i Ullensvang herad, på vestsida av Sørfjorden. Garden er om lag 47 dekar, og av dette vert ca 22,5 dekar drive økologisk. Lars J. Nå driv garden på heiltid i lag med sambuar.

 

Landbrukets Økoløft

I denne serien med portrettintervjuer vil vi presentere alle #Inspirasjonsbøndene i prosjektet Landbrukets Økoløft

I samarbeid med de 7 andre samarbeidende organisasjonene, skal vi sette økologisk landbruk på dagsorden og gi konkrete råd og veiledning til bønder som vil legge om eller er nysgjerrige på økologiske driftsmetoder. 
Under "Hva skjer?" på prosjektets forside vil du å finne eksakt dato i nærheten av deg. Inviter gjerne mange kolleger til å bli med!

Tilbake til toppen