Hopp til innhold

#Inspirasjonsbonde

Marknaden vil ha meir økofrukt

– Det var litt tilfeldig at eg byrja med økofrukt, seier #Inspirasjonsbonde Marianne Bøthun, – men eg har alltid vore interessert i økologisk og vart inspirert av sambygdingar med økodrift.

Teigen gard i Fresvik i Sogn er ein middels stor vestlandsgard, med lite dyrka mark og store utmarksressursar; fjell, beite og ein del skog.
Marianne Bøthun tok over familiegarden i 2003 og byrja med økologisk epledyrking året etter.
No er ho og blitt #Inspirasjonsbonde i prosjektet Landbrukets Økoløft.

– Kva var bakgrunnen for at de la om til økologisk drift? 

– Eg har alltid vore interessert i økologisk og vorte inspirert av andre i heimbygda som har drive økologisk, men at eg skulle enda som økologisk eplebonde var litt tilfeldig, seier Marianne Bøthun.
– Garden eg var odelsjente til dreiv med mjølkeproduksjon, og alt på jordbruksskulen laga eg som ei prosjektoppgåve ein omleggingsplan til økologisk drift. Men etter endt utdanning som agronom og seinare miljøkonsulent, fekk eg arbeid som dagleg leiar på eit lite fruktlager i heimbygda. Mjølkekvoten på heimgarden var då seld og me dreiv med ammekyr.

Såg den fine frukta

– To av produsentane til fruktlageret dreiv med økologisk frukt, og eg såg at frukta dei leverte var like fin som den konvensjonelle frukta som blei levert. I tillegg fekk eg vera med og bygga opp eit salsnett for økologisk frukt. Dette var veldig givande.
Det eine leia til det andre, og eg fekk deretter jobb i eit prosjekt for økologisk frukt og bær gjennom Økoringen Vest, samstundes som eg tok over heimgarden og byrja planting av eit økologisk eplefelt. Slik vart det til at eg hamna i rådgjevingstenesta som no heiter Norsk Landbruksrådgiving (NLR).

– Kan du fortelje litt om kva de produserer?

Planta meir eple

Etter kvart kom mannen min til, og av di me tykte at det var kjekt å driva med økologisk epleproduksjon og tykte at me fekk det til, så har det vorte til at me planta ut 15 dekar med ny hage siste 2-3 åra. Dette med god støtte frå Innovasjon Norge som gjev tilskot til planting sidan marknaden etterspør meir økologisk frukt og bær.
No har me ca. 20 dekar med økologisk eple, totalt 85 sauer med stort og smått, 4 hestar og ca. 30 bikubar. Skogen rekk til litt tømmer og vedhogst. Resterande dyrka mark vert nytta til grovfòr og innmarksbeite skal ryddast for skog slik at det kan nyttast meir effektivt. Deler av dyrka mark har vorte planert dei seinare åra for å letta drifta. Det er elles ein flat og lettstelt gard til Vestlandet å vera.

Bier må til for å få god pollinering i frukta  FOTO: Marianne Bøthun
Bier må til for å få god pollinering i frukta FOTO: Marianne Bøthun

Meir allsidig att

– Då eg var lita jente så dreiv me allsidig med både kyr, nokre sauer og eit par griser i tillegg til frukt og grønt. Me var dermed sjølvforsynte med det meste. Etterkvart vart dette for strevsamt og garden enda opp som eit spesialisert mjølkebruk. No er me liksom litt på veg attende til ei meir allsidig drift i og med at me både driv med frukt, gamalnorsk spelsau og birøkt. Hestane blir brukt både til kos, beitepussing og litt tømmerkøyring.
Både mannen min og eg jobbar per i dag utanom bruket, men ynskjet er med tida å kunna henta meir av inntekta frå bruket. Epleproduksjonen er økologisk, medan dei andre produksjonane framleis er konvensjonelle. Om sauehaldet etter kvart vert lagt om til økologisk får tida visa.

Må liggja i forkant

– Nokre utfordringar som økologisk drift byr på?

– I økologisk drift har ein ikkje så mange kurative middel å koma med i etterkant av at eit problem eller ein skade har oppstått. Ein må difor vera påpasseleg og liggja litt i forkant, slik at ein kan førebyggja utfordringar som eventuelt kan oppstå. Det er elles ikkje noko ”hokus pokus” eller ”juksemakeri” som ein del trur. Av og til kan det likevel oppstå uventa problem, som er vanskeleg å få gjort noko med.  For vår del har problem med grøn eplebladlus på sorten Discovery vore ei stor utfordring, så i vinter valde me å rydda dei og planta nytt. Me satsar framleis på Discovery på ein del dekar, men alt blir no planta utan plastdekking.

Stolp må til før nyplanting av epletre  FOTO: Marianne Bøthun
Stolp må til før nyplanting av epletre FOTO: Marianne Bøthun

Det gjeld å finna felles gode løysingar og å spela kvarandre gode

God lærdom

– Noko ved økologisk drift som du tenker at konvensjonelle bønder ville hatt god nytte av?

– Økologisk blir jo ofte kalla ein ”spydspiss” for anna landbruksdrift. Innan frukt og bær har me fleire eksempel på at konvensjonell drift har henta god lærdom frå økologisk drift. Innan økologisk bringebær vart det for nokre år tilbake gjort utprøvingar med sprøyting med rapsolje pluss grønsåpe og/eller Thiovit (svovelpulver) mot bladmidd i den utsette bringebærsorten Glen Ample.

Olje og såpe 

Desse middela viste seg å ha vel så god effekt som tradisjonelle plantevernmiddel og er no fast innarbeidd også i dei konvensjonelle plantevernplanane. Olje og såpe nyttar me også til å ta luseegg ved vårsprøyting både i økologisk og konvensjonell epledyrking. I mange hagar er dette nok til å halda dei fri for lus gjennom sesongen.
– Det konvensjonelle miljøet har mykje å læra av det økologiske i mange høve og likeså kan dei økologiske produsentane læra ein heil del frå den konvensjonelle drifta, meiner Marianne. – Det gjeld å finna felles gode løysingar og å spela kvarandre gode.

Discovery eple frå eigen nyplanting  FOTO: Marianne Bøthun
Discovery eple frå eigen nyplanting FOTO: Marianne Bøthun

Garden Teigen ligg i Fresvik i Vik kommune i Sogn og har om lag 50 daa dyrka mark, 140 daa innmarksbeite i tillegg til kring 2700 daa skog med mykje fin furu og anna utmark. I tillegg kjem og eit sameige av ein heil del fjell og vidde og ein svært god fjellstøl. Det er og jakt og fiskerettar knytt til garden.
Marianne Bøthun var odelsjente og tok over heimgarden i 2003, medan Stein Egil Knatterød kom med i drifta i 2008. Både har arbeid utanom bruket, men på litt sikt ynskjer dei å henta meir av inntekta frå bruket.

 

I denne serien med portrettintervju vil vi presentere alle #Inspirasjonsbøndane i prosjektet Landbrukets ØKOLØFT

I samarbeid med dei 7 andre samarbeidande organisasjonane, skal vi sette økologisk landbruk på dagsorden og gi konkrete råd og vegleidning til bønder som vil legge om eller er nysgjerrige på økologiske driftsmetodar. Følg med vidare for eksakt dato i nærleiken av deg, og inviter gjerne mange kollegaer til å bli med!

Tilbake til toppen