Hopp til innhold

#Inspirasjonsbonde

Fleire vil ha glede av økodrift

– Eg har inntrykk av at stadig fleire konvensjonelle gardar nyttar metoder frå det økologiske landbruket. Eg trur fleire kan ha glede av det, seier #Inspirasjonsbonde Kai Valbjør i Vågå.

Valbjør gard ligg på solsida av Vågåvatnet i Vågå kommune i Oppland. Høgda er 700 moh. Her driv #Inspirasjonsbonde Kai Valbjør den gamle slektsgarden med geitmjølkproduksjon og gamalnorsk spælsau. Setra på 1000 moh er og i bruk.

Kai er med som #Inspirasjonsbonde i prosjektet Landbrukets Økoløft.

– Kva var bakgrunnen for at de la om til økologisk drift? 

– Det var nok ein lang modningsprosess, medgir Valbjør. – Heilt frå da interessa for natur og miljø på 1970-talet vakna. Landbruksskulen i 1975-76 lærte oss meir om sprøytemidler og kunstgjødsel enn om biologisk liv i jorda.  

Spele på lag

Han jobba nokre år som avløysar på ymse konvensjonelle gardar. På den tida var det få praksisplassar med alternativ drift. Så vart det klart at han skulle overta heimegarden Valbjør i Vågå som da var bortleigd til Norsk Sau-og geitalslag som forsøksgard for geit.
– Eg var etter kvart overtydd om at vi må spele meir på lag med naturen i matproduksjonen for å oppnå det vi i dag kallar bærekraft, seier Kai Valbjør.

Fagmiljø

 – Eg vart og med i økomiljøet rundt Midtnorsk fagseksjon i biologisk jordbruk på Nordmøre, eit av få miljø i Norge på alternativt jordbruk den tida. Så ved overtaking av garden i 1984 var eg klar for omlegging. Heile arealet var ferdig omlagt i 1992-93.

Gras og bygg

– Kan du fortelle litt om kva de produserer og korleis det har utvikla seg med tida?

– Garden ligg 700 moh og er slik sett best egna til grasproduksjon. Mine foreldre la om til spesialisert geitmjølkproduksjon sist på 1950-talet. Sidan kom det litt sau til. Vi driv og med aktiv setring der dyra går på utmarksbeite i fjellet ca 1000 moh i 3 månader om sommaren. År om anna kan vi ha litt bygg som vi da krossar til eige bruk og ein sjeldan gong får vi modent korn til salg. Pr i dag har vi berre Debio-sertifisert sau/lam. Geita er av praktiske /økonomiske grunnar ikkje sertifisert.

Held høymola i sjakk

– Nokre utfordringar som økologisk drift byr på?

– Utfordringane ved drifta hos oss dreiar seg mest om å få kontroll med ugras og næringstilgang. Av ugras er det høymola som krev mest av tiltak. Der er det pløying og å ha eittårige vekster, samt noko luking, som har vore praksis hos oss. Vi har åker- og grønforvekster 2 til 4 år alt etter ugrasmengda (høymole) og steinmengda.

Nyttar lokal gjødsel

Når det gjeld næringstilgangen så har vi i minste laget med eigen naturgjødsel, og vi nyttar ein del av overskotet frå konvensjonelle naboar, slik regelverket tillet. Å få tatt vare på nitrogenet i den naturgjødsla vi disponerer er også alltid utfordrande. Vi nyttar blautmøkk/ gylle og blandar i mykje vatn sidan vi har stutt køyring, men spreiemetodene våre er ikkje optimale.

Beitepussar mot frøugras

– Noko ved økologisk drift som du tenker at konvensjonelle bønder ville hatt god nytte av?

–Stikkord her kan vere ugrasharving i korn, ymse radrenseutstyr i radkulturar og å gjeninnføre vekstskifte.
Sjøl så har vi god erfaring med å bruke beitepussar i gjenlegget når frøugraset blir aggressivt og før det set frø. Det går naturlegvis noko ut over avlinga i gjenleggsåret, men vi får ei grøngjødsling og ei tett og fin eng seinare. Vi sår gjenlegget med ei allsidig frøblanding iblanda luserne.

Luserne er særs turkesterk og er imponerande no der ho har etablert seg.   FOTO: Kai Valbjør
Luserne er særs turkesterk og er imponerande no der ho har etablert seg. FOTO: Kai Valbjør

Til nytte for mange

Særleg luserna er imponerande no der ho har etablert seg. Luserna er særs turkesterk og står fleire plassar heit åleine.

– Eg har inntrykk av at stadig fleire konvensjonelle gardar nyttar metoder frå det økologiske landbruket, seier #Inspirasjonsbonde Kai Valbjør. – Og eg trur mange fleire kunne ha nytte - og kanskje og glede - av dette.

 

Valbjør er ein gamal slektsgard med et freda gardstun som har historie tilbake til vikingtida.
Garden ligg på 700 moh og består av 180 dekar fulldyrka og 2000 dekar utmark. Av dette er om lag 1000 dekar produktiv skog. Garden har og ei seter som ligg på om lag 1000 moh. Kai og Live tok over garden i 1984 og starta omlegging da. Dei driv med gamalnorsk spælsau og produksjon av geitmjølk. Dei har eigen gardsbutikk med spekepølse av geit, ost, urter og ymse lokalt handverk.
På innmarka blir det stort sett dyrka gras og grønforvekster. Allsidige frøblandingar i enga med bla a luserne. Grønforet består oftast av raigras, vikke, erter og havre. Brukt både til slått og beite. 
Frå juli 2018 er Ola og Kjerstin Kaurstad nye brukarar på Valbjør. Dei ynskjer å utvikla garden vidare basert på ca 160 årsgeit, 30 v.f. gamalnorsk spælsau og smått om senn noko turisme.

Valbjør gard ligg på 700 moh i liene på solsida av Vågåvatnet   FOTO: Kai Valbjør
Valbjør gard ligg på 700 moh i liene på solsida av Vågåvatnet FOTO: Kai Valbjør

Tilbake til toppen