Hopp til innhold

Ytring:

Slik sikrar vi ei grøn framtid

I ei verd med eit klima i endring, møter vi stadig fleire klimarelaterte utfordringar i landbruket. Framtidas bønder må tenkje nytt for å sikre næringa, matvaresikkerheita og vår felles framtid.

I Noreg ser vi store endringar i været, vi opplever meir tørke og ekstremnedbør samtidig som vi får alarmerande nyhende frå andre stader på kloden kvar dag. Eit aukande folketal på verdsbasis og ein aukande levestandard gjer at vi i dag brukar meir ressursar enn kloden vår har.
Vi tyner jorda, havet, skogen og kvarandre for å oppretthalde denne veksten.

FN rapporterer at vi i Noreg, likeins med resten av verda, mister store mengder matjord kvart år. Jorda i verda over mister 1 prosent karbon årleg, tilsvarande 24 milliardar tonn matjord, meir enn 3 tonn pr. menneske. FN slår fast at det meste av verdas landbruksjord berre har om lag 60 avlingar igjen før den er så utpint at den ikkje kan dyrkast i lenger.

Vi tyner jorda, havet, skogen og kvarandre

Tidleg på 1900-talet begynte den såkalla grøne revolusjonen. Kunstgjødsel vart løysinga for auka produksjon. Tilføring av nitrogen, fosfor og kalium sørga for betre plantevekst og større avlingar. Vi trong ikkje tenkje krinslaup på same måte lenger og vi byrja etter kvart å dyrke store monokulturar. Nye eittårige vekstar erstatta mangfaldet og vi vart avhengige av kunstgjødsel og sprøytemidlar. Tyngre maskiner sørga for pakking av jorda. Årviss pløying skada jordlivet. Summen var enormt tap av liv i og over jorda.

Vi driv framleis på denne måten, vi brukar jorda som om den var død. Vi gjødslar, men vi gjødslar plantene, ikkje jorda. Vi tilfører mineral og næringsstoffar, medan vi slepp ut drivhusgassar.

Vi bekjempar ugras og skadedyr, samstundes som vi effektivt tar knekken på jordlivet, insektlivet og fuglelivet. Vi les om at Noreg kan vera det einaste landet i verda med reint drikkevatn i år 2050.

Det er paradoksalt at vi i ei stadig meir uroleg tid internasjonalt og med klimaendringar, har stadig lågare evne til å fø vårt eige folk.

Vi har store utfordringar innan helse fordi vi har brukt så mykje antibiotika i landbruket at resistente bakteriar spreiar seg over heile verda utan at vi klarer stogga dei.

Vi les at vi må kutta i forbruket vårt av raudt kjøt og mjølkeprodukt fordi drøvtyggjarane våre tek opp enorme ressursar, både av matjord og vatn, og fordi dei slepp ut den kraftige drivhusgassen metan under fordøyelsesprosessen.

Daud jord toler korkje tørke eller flaum

Vi høgg regnskog i Brasil for å dyrke enorme monokulturar av soya og mais til å fôre eigne kyr og sauer, medan vi brukar enorme summar på å bevare regnskog kvart år. Vi pløyer og pakkar jorda med tunge køyretøy. Vi brukar stadig meir sprøytemidlar som tek livet av insekt, fuglar og jordliv.

Aukande temperatur som følgje av klimaendringar fører til tørke. Når regnet endeleg kjem, gjer det berre meir skade. Jorda er ikkje mottakeleg for vatn, den er pakka, mineralisert og død, vatnet legg seg på overflata og renn av. .

I Noreg legg vi ned småbruk i ein enorm fart. Det er ikkje lønsamt lenger, folk orkar ikkje halde på å drive i bratte bakkar når dei vert motarbeidd av regjering etter regjering. Det er paradoksalt at vi i ei stadig meir uroleg tid internasjonalt og med klimaendringar, har stadig lågare evne til å fø vårt eige folk.

Kva om vi fann ei løysing på alle desse problema? Om vi kan ta vare på matjorda vår, klimaet, drikkevatnet vårt, insekta og det biologiske mangfaldet? Kva om den løysinga allereie er her?

Regenerativt landbruk er ei økologisk tilnærming til landbruk som gjer naturen i stand til å fornya seg sjølv. Det handlar om å ta vare på og stimulere livet i molda, slik at det i sin tur igjen stimulerer og tek vare på plantene vi vil dyrka. Plantas fotosyntese sender karbon til røtene, ein tredel av dette vert byta inn i vatn og mineral frå jorda rundt, via mykorhizasopp. Soppen og planta fôrar jordlivet og sørgjer for binding av karbon og danning av aggregat. Jord med god grynstruktur og eit rikt jordliv vil halde på vatn, gje næring til plantane og beskytte dei mot sjukdom.

For å sitere professor og høgskulerektor Dag Jørund Lønning; Det er grønt oppå molda på grunn av livet nedi molda». Dette høyrest kanskje ut som ei stor omstilling frå dagens industrilandbruk med pløying, sprøyting og monokulturar, men det er få og relativt enkle og lite kostnadskrevjande grep som skal til for å sjå dei første positive resultata av ei slik omlegging.

Hovudprinsippa i regenerativt landbruk er:

  • Minimal jordbearbeiding. Forstyrring av jorda er forstyrring av jordlivet. Ved jordbearbeiding stoppar dei sunne prosessane opp og jorda slepp ut karbonet igjen.
  • Kontinuerleg plantedekke. Jorda bør alltid ha grønt dekke slik at jordlivet har næringstilgang og for å unngå erosjon, skadar forårsaka av kulde og varme, og næringstap via fordamping og avrenning
  • Mangfald av plante- og dyreartar aukar økosystemfunksjonane både over og under bakken. Naturen er meir tilbøyeleg til å samarbeide enn den er til å konkurrera.
  • Levande røter i jorda. Det er i rotsona næringsbytet skjer. Levande røter er viktig for jordlivet.
  • Integrering av beitedyr. Planter som blir beita blir stimulert til vekst og pumper såleis meir karbon ned til jordlivet.
  • Kompostering. Ei sunn jord krev tilførsel av organisk materiale. Ein kan anten tilføra kompost eller ein kan overflatekompostera med grønngjødsling.
Ei grøn framtid

Ved å følgje desse prinsippa vil landbruket ta sin del av tiltaka som er nødvendig for å begrense klimakrisa. Vi vil lagre karbon i stabile forbindelsar i jorda, vi vil auke produksjonen av matvarer, vi vil auke biodiversiteten i landbruket slik at insekt og fuglar igjen vil trivst.

Vi vil gjere jorda meir robust, tørkeresistent, flaumavverjande og sjølvreparerande og såleis sørge for at framtidige generasjonar vil ha ei sunn jord dei kan dyrke mat i. Vi vil få sunnare avlingar med høgare sjanse til å motstå angrep frå skadeinsekt, sopp og andre patogen.

Vi vil få dyra ut på beite igjen og vi vil kunne ha ein forsvarleg kjøt- og mjølkeproduksjon. Vi vil kunne kutte på bruk av nitrogen, fosfor og sprøytemidlar og då betre økonomi i landbruket. På denne måten vil vi også, i tillegg til å vere med på å senke nivået av karbon i atmosfæren, auke sjølvforsyningsgraden vår betrakteleg.

Summen er at vi, barna våre og deira barn igjen, vil ende opp med å bu i eit tryggare land i ei grønare og tryggare verd.

 

Artikkelen er tidligere publisert i Nationen, 30. mars 2019.
Tina Bøe Buer er agronomstudent og styremedlem i Økologisk Norge.

 

Tilbake til toppen