Hopp til innhold

Økologisk Norge mener

Rydd opp i prisforskjeller

– Når økologisk kraftfôr koster 20 % mer i Rogaland, står det i vegen for målet om økologisk landbruk i hele landet, mener Jostein Trøite, styreleiar i Økologisk Norge.

 Det er store prisforskjeller på økologisk kraftfôr her i landet. Dette har NLR Agder avdekka (se tabell).

– Det er uholdbart med priser på økologisk kraftfor i Rogaland som er 20% høyere enn ellers i landet. Det står i vegen for det omforente målet om å legge til rette for økologisk landbruk i heile landet, mener Jostein Trøite, styreleiar i Økologisk Norge.  – Her må det ryddast opp.  

Samvirkeprinsipp

– På kort sikt må det ordnes med fraktutjamningstilskudd som fører til like prisar fram til produsent over heile landet. Dette må ordnast gjennom jordbruksavtalen. At FK agri i dag er einaste produsent av økologisk kraftfor sør for Dovre, må ikkje føra til slike tilstandar som det er vist til frå Sandnes. FKRA og FKA må sikra at sentrale samvirkeprinsipp ikkje blir sette til side, sjølv om varen går frå det eine selskapet til det andre. 

Lav norskandel 

– Det meir grunnleggande problemet er at norsk økologisk kornproduksjon både til matkorn og kraftfor har gått ned dei siste åra. Samtidig har forbruket gått opp. Når kraftfôrproduksjon i Kristiansand og Vestfold også er lagt ned, blir resultatet lang og dyr transport i Norge, og auka import. Dette er i strid med både miljø og målsetting om norsk sjølforsyning, seier Trøite. Denne utfordringa tok Økologisk Norge opp med avtalepartane i sitt innspel til årets jordbruksoppgjer.

Samordna satsing

– På ØKO 2020, konferansen for økologisk landbruk i januar i år, vart det hevda at flaskehals for økologisk korn produksjon  i stor grad er rådgiving og fagmiljø, men også mottaksapparat for økologisk korn. Dette gjeld i stor grad i Rogaland. På kort sikt må problema med høge prisar ordnast opp gjennom frakttilskotsordningar, men på lengre sikt må det stimulerast til økologisk kornproduksjon i dette området. Det stiller krav til rådgiving, men ikkje minst til lokale mottak. 

Gras og beitebasert

– Økologisk Norge ynskjer at det må bli meir lønsamt å bruke grovfôr i forhold til bruk av kraftfôr. Dette kan gjerast ved f.eks at arealtilskudd til grovfor blir satt opp, og ved høgare tilskudd til beite. Einsidig høgare kraftforpris, vil derimot berre svekke husdyrbøndenes økonomi. Derfor er det viktig at ulike tiltak for å stimulere til meir bruk av grovfor og beiting kjem samtidig med høyere kraftforpris.

NLR Agder har sammenlikna pris på økokraftfôr

Tilbake til toppen