Kvardagsdyrking - lær å dyrke i rusk og rask frå hagen!
Kurs med Ina Støen - Opning av frøbiblioteket
Informasjon
- Dato: 25. apr. 2023 - 19:00 - 20:30
- Sted: Sør-Aurdal folkebibliotek - Dalagata 29, BAGN
- Se kart
- Arrangør: Ina Støen
Økologisk agronom Ina Støen holder gratis dyrkekurs og opning av frøbiblioteket på biblioteket på Bagn!
Kurset passar for både liten og stor, nye og erfarne dyrkarar. Kva med å ta med bestemor og borneborn og lære å dyrke i lag?
I anledning opninga av frøbiblioteket vil Ina lære bort å dyrke med dei ressursane ein har, og etter naturens eigne prinsipp. Det er ein billig og effektiv måte å dyrke på, som er bra for oss, hagen, tidsklemma og lommeboka. På biblioteket kan du låne frø som er lette å lykkast med i Valdres - heilt gratis, enkelt og uforpliktande.
Ina Støen
Ina Støen flytta til Sør-Aurdal i fjor, etter å ha tatt utdanning som økologisk agronom på Sogn Jord- og Hagebruksskule. Det siste året har ho fordjupa seg i permakultur, som er ei verktøykasse for heilskapeleg forvaltning.
Ina jobbar no med ei treårig diplomoppgåve i permakultur, og er brennande opptatt å drive med, og formidle det ho kallar kvardagsdyrking. Å dyrke på permakulturvis gjorde det mogleg for ho å fortsette med det ho elskar, sjølv om ho strevar med smerter i kroppen og mangel på energi. Det gjorde at ho måtte ta heilomvending og lære å dyrke utan å verken grave, vatne eller luke.
Ho fortel: "Ein som var med i hagen vår på Lundelien spurte kva vi egentlig dreiv på med. Vi dyrkar gravefritt, mangfoldig og med jorddekke, svara eg. Det er godt for absolutt ALT! Men du legg berre rask oppå rask, også veks det? Ja, kort oppsummert!"
For dei som ynskjer det, kan ein komme på praktisk oppfølgingskurs på Lundelien laurdag 27. mai klokka 12-14.00. Her kan ein vera med å dyrke i hagen til Ina og sjå og kjenne korleis det funkar. Meir informasjon kjem.
Det vil bli moglegheit for å bytte frø du allereie har, så ta med om du har noko!
Prosjektet er støtta av Mitt Sør-Aurdal.