Hopp til innhold

Åpen økologisk gård

Sogn jord- og hagebruksskule

holder Åpen økologisk gård!

Informasjon

  • Dato: 24. sep. 2022 - 11:00 - 15:00
  • Sted: Skulevegen 24, Aurland, Sogn- og Fjordane
  • Se kart
  • Arrangør: SJH, Økologisk Norge

Det blir ulike demokurs, #takkformaten-verkstad, aktiviteter for små og store, konsertar, økologisk kafe og open gardsbutikk!

Garden

Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH) ligg på den gamle prestegarden Aurdal i Aurland kommune. Her har det budd og arbeidd folk i uminnelege tider. I gravhaugane på garden finst det spor av folk attende til folkevandringstida (om lag 400 e.Kr.). Garden opplevde 300 års glanstid før svartedauden, og deretter 300 tunge år før han vart prestegard i 1650.

SJH vart oppretta i 1917, og her kan du finne mykje stoff om 100-årsjubileet i 2017: SJH 100 år

Tidleg på 1980-talet byrja skulen å leggja om til økologisk drift. Skulegardsbruket disponerer i dag 250 dekar fulldyrka jord og 100 dekar innmarksbeite. I tillegg er skulen med i eit sameige av om lag 30 000 dekar utmark i fjellet. Som den einaste landbruksskulen i landet har SJH heile arealet godkjent som økologisk (av kontrollorganisasjonen Debio). På skulegardsbruket vert det dyrka både matvekstar og fôrvekstar. Knapt 100 dekar av det fulldyrka arealet er varig grasmark, som berre vert fornya når det er trong for det.

Skulegardsbruket er det sentrale «klasserommet» på SJH. Mykje av undervisinga er lagt opp som praktisk arbeid. Dette for å gi eit godt og realistisk grunnlag for dei som skal driva ein økologisk gard. Elevane har faste turnusar med stell av husdyra: kyr, geiter, sauer og hestar. Om våren er det rundar med lammingsvakter i sauehuset. Ein del av husdyrstellet kjem utanom ordinær skuletid, men vert medrekna i undervisingstimetalet.

Kontaktperson

Are Einari Björklund Skau
Telefon: 22 12 41 03
Tilbake til toppen