Hopp til innhold

Tynnaknuten økologisk gard

Åpen Økologisk Gård på Tynnaknuten

Konsert, økosti og kafe

Informasjon

  • Dato: 13. sep. 2020 - 13:00 - 20:00
  • Sted: Tynnaknuten økologisk gard
  • Se kart
Tynnaknuten kan på sin opne økologiske gard freiste med:
- Økosti
- Kafe (open frå 13.00- 20.00)
- Sal av ting vi lager på Tynnaknuten
- Sal frå gardsbutikken.
og....
Konsert med Stig Ulv!
Hjartevarme tonar med Stig Ulv
Stig Ulv har under koronakrisa laga ny plate. Med massevis av kanselleringer måtte Ulven foreta seg noko,og det vart det ny musikk av. På ein månad var plata klar og innspelinga vart gjort live med publikum i Ålesund.Plata har fått namnet Hjartevarme.

Dei som set spor, varige spor, er dei som bryt ut og skapar noko nytt. Historiene om dei er mange. Dei gjer ein forskjel, difor set dei varige spor. Stig Ulv er ein av dei få som går sine eigne vegar. Lagar musikk som ikkje er laga før på ein måte som formidlar bodskapen hans. Stig Ulv si forteljing. Det han fortel med gitaren sin er ein del av miljøet han har vakse opp i, krydra med det han har lært undervegs. Stig Ulv vert omtala som ein av landet sine beste instrumentalikarar. Han spelar ikkje på gitarar, men får dei til å snakke. På nynorsk, sjølvsagt!
Dette arrangementet er del av Åpen Økologisk Gård, som er et prosjekt som Økologisk Norge er ansvarleg for.
Tilbake til toppen