Informasjon
- Dato: 05. feb. 2020 - 17:00
- Sted: Ecopro AS, Ravlovegen 324, Skjørdalen, 7657 Verdal
- Se kart
- Arrangør: Økologisk Nord Trøndelag
Etter tre år med årsmøta i Namdalen blir årsmøtet i 2020 i Verdalen, onsdag 5. februar kl. 17.30 hos Ecopro AS i Verdal.
Ecopro skriv om seg sjøl:
"Som eit av dei første anlegga i Norge av sitt slag, vart Ecopro etablert i 2002.
Kildesortering, energi-/materialgjenvinning og kretsløpstankegang var grunnleggande element ved etableringa. Ecopro eies av interkommunale avfallsselskap og Steinkjer kommune, slik at 52 kommunar i Midt-Norge samarbeider om å behandle ca 40.000 tonn/år kildesortert matavfall og slam på ein fremtidsretta og miljømessig forsvarleg måte. Dei som eig Ecopro tenker langsiktig og har investert 180 mill kroner i eit høgteknologisk lukka biogassanlegg med minimal ekstern luktpåvirkning. Anlegget foredler avfall til biogass og næringsrike biogjødselprodukt. Anlegget starta opp i mars 2008 og tilfredsstiller dei strengaste nasjonale og internasjonale krav til behandling av dei fleste typar organisk avfall. Ecopro er eit godt bevis på at norske kommunar kan samarbeide om bærekraftige løysningar på avfallsproblemet.