Hopp til innhold

Økologisdk Vestland

Kransekurs

Lag din egen julekrans med lokaldyrka vintergrønt og bærekraftige materialer

Informasjon

  • Dato: 04. des. 2022 - 13:00
  • Sted: Reindyrka, Strandgaten 21, 5013 Bergen
  • Se kart
  • Arrangør: Dalahagen v/Elisa Kolle

Velkomen til kransekveld på Reindyrka søndag 4. desember! Det blir eitt kurs som startar kl. 13.30, og eitt som startar kl. 16.

I kjellaren under den fine butikken i Strandgaten 21 er det eit kurslokale som passar ypperleg til ein koseleg kranseverkstad der me så smått kan byrje kjenne på julestemninga. Eg viser og fortel korleis du går fram for å binde ein frodig, grøn krans i varierte materialer som du kan henge på utedøra. Det blir gran, einer og furu her frå området, men også meir eksklusivt pyntegrønt som vokstuja, buksbom, sypress, kristtorn og cryptomeria som er dyrka her i regionen. Me brukar kongler, band og naturmaterialer til å pynte kransane. Metodane er enkle nok til at alle kan få det til, eg rettleier sjølvsagt grundig undervegs. Alle materialer er nøye utvalde med tanke på å vere det mest bærekraftige alternativet.

Prisen er 800,- (700,- for medlemer av Økologisk Vestland) og alt av materialer og verktøy er inkludert. Det blir også enkel servering av varm drikke og noko lite å bite i. Me held på i omlag to timar. Eg satsar på at dei blir ei koseleg stund med ro i sjela, julemusikk i øyrene og hyggeleg prat rundt bordet!

Kontaktperson

Elisa Kolle
Telefon: 90203017
Tilbake til toppen