Hopp til innhold

fra oikos.no

For enkelt om økomat

- Konvensjonelt landbruk er som oljen: Før eller seinare er det slut. Vi bør først som sist søka betre alternativ, skriv styremedlem i Oikos Vest, Tore Bergum i ein kommentar.

Tore Bergum, styremedlem i Oikos Vest, har skrive ein kommentar til A-pressen sin leiarartikkel om VKM-rapporten. Økologisk landbruk og mat handlar om mykje meir enn helseeffektar, som er vanskeleg å undersøke.

A-pressen sirkulerte nyleg ein leiarartikkel om økologisk mat. Utgangspunktet er ein rapport frå Vitskapskomiteen for mattryggleik (VKM), som i mediaversjonen konkluderer med at ”økomat ikkje er betre enn annan mat”. Rapporten er grei nok, og fortel mest ting vi visste frå før: Det er mindre giftrestar, meir vitamin etc i økomat, men skilnadene er små. Det er difor vanskeleg å påvisa konkrete helseverknader for den enkelte.

 

Tidlegare i år meldte media at vi i snitt har 2-300 framandstoff i kroppen, ei dramatisk auke på nokre tiår. Då blir det openbart vanskeleg å skilja ut effekten av små nyansar i kosthaldet. Bidraga frå maten er truleg òg redusert i perioden, mykje grunna ei fin utvikling i det konvensjonelle landbruket på dette feltet. Dei skal ha honnør for å ha kvitta seg med dei verste sprøytemidla. Alle bønder veit at gift ikkje er bra.

 

Vi snakkar her uansett om ting som slår inn på helsa over lang tid. Utan ei større gruppe folk som utelukkande har ete økomat i 50 år, er det vanskeleg å få undersøkt reelle effektar. Konklusjonen blir deretter: Vi kan ikkje dokumentera at økomat er sunnare. Så får kvar og ein bruka sunn fornuft: Er det best med litt gift eller inga gift i maten?

 

Om dyrevelferd fortel rapporten stort sett det same: Økologiske dyr har det litt friare, men igjen har det konvensjonelle landbruket kome etter og krympa skilnaden. Unntaket er fjørfehald, der skilnaden er betydeleg.

 

Rapporten omtalar ikkje miljøeffektar, men A-pressen trekker fram ein Bioforskrapport frå i fjor som supplement. Denne viser at økomat gir mindre klimautslepp per dekar, men sidan avlingane er lågare må det kompenserast med større areal, slik at effekten meir enn nullast ut. Dette er ei fattig trøyst for økokritikarane, for dei konvensjonelle avlingane kan ikkje vara i all evigheit. Kjernen her er kunstgjødsel, basert på ulike mineral der særleg fosfor er ein knapp ressurs. Anslaga varierer, men det er like fullt som med oljen: Før eller seinare er det slutt, så vi bør først som sist søka betre alternativ. Det same gjeld sjølve matjordlaget, der økologiske metodar vernar best mot erosjon.

 

Vi må rett og slett finna andre måtar å kompensera avlingstapet i økolandbruket på. Eit stikkord her er kasting av mat; i vestlege land blir 20-30 prosent av all mat vraka på vegen frå jord til bord. Eit anna er kjøtforbruk hinsides kva vi treng. Nordmenn et nær 50 prosent meir kjøt enn i 1990, og vi var ikkje akkurat vegetarianarar då heller. Litt justering av vanane våre her vil lett vega opp for reduserte avlingar. Nok og trygg mat med minimal miljøeffekt handlar altså om langt meir enn avling per dekar.

 

Saman med medvitne forbrukarar har økolandbruket gått i spissen med tenking og praksis som resten av landbruket tek etter. Dette skal vi halda fram med. Då er det urimeleg å ”straffa” økorørsla med grovhogde overskrifter av typen ”økomaten er ikkje betre”.

 

Tilbake til toppen