Hopp til innhold

#Inspirasjonsbonde

Epler og jordliv i Hardanger

– Det å ha eit godt samvit i høve forbrukarane når ein sel produkta, er ein av grunnane til at eg begynte med økologisk produksjon, seier #Inspirasjonsbonde Rolf Tore Djønne.

 

– Opheim gard er ein familiegard. Bestemora mi vaks opp her medan garden vart driven av onkelen til far min, fortel tidligere #Inspirasjonsbonde i prosjektet Landbrukets ØKOLØFT, Rolf Tore Djønne i Ulvik i Hardanger. Han har om lag 5000 frukttre å ta vare på.

– Av om lag 75 dekar totalt areal, har me no vel 30 dekar til hovudsakleg eple og noko plommedyrking. Rundt 5000 frukttre er med i produksjonen.

Samanhang mellom mat og helse

– Kva var bakgrunnen for at de la om til økologisk drift? 
Ein av grunnane til at eg vart interessert i økologisk drift, er at det har vore nokre tilfeller med alvorleg kreftsjukdom i familien. Difor vart og interessa for samanheng mellom mat og helse kveikt. Det å ha eit godt samvit i høve forbrukarane når ein sel produkta, er og ein av grunnane til at eg begynte med økologisk produksjon.

Floraen utanpå og inni

– Interessa mi for jordlivet stor, det å ta vare på jordlivet på ein best mogleg måte. Jordøkologi var favorittfaget i studietida på Blæstad, sier Djønne.
– I jordbruket i dag vert det sett inn mange rådgjerder som ein ikkje direkte og fysisk ser effekten av. Korleis går det med til dømes jordlivet når ulike typar gjødsel vert brukt? Eller korleis går det med floraen inni deg når du et produkt som er sterkt handsama av plantevernmidlar? Det er nokre av spørsmåla som fascinerar meg ved jordbruket generelt.

Fortsatt produksjon på far sine tre

– Kan du fortelle litt om kva de produserer? 
– I 1990 tok faren min over garden. Han la om halve garden frå mjølkeproduksjon og saueproduksjon til fruktproduksjon. Eg har fortsatt produksjon på ein god del av dei trea som han planta i 91-92. Eg tok over garden i år 2000, og i 2004 vart dei første areala omlagde. Første fruktsesong som eg hadde ansvaret for, var i 2008. Då var frukta godkjent økologisk og alt areal på garden var då enten omlagt eller i karens. I dag leiger me ut om lag 45 daa til slått og beite til naboar. 

Til fersk-konsum og juice

– Mesteparten av produksjonen leverer eg til Hardanger Fjordfrukt, som er eit felleslager, som pakkar frukta og sel vidare til grossistar. Ein god del av eplene lagar me fersk økologisk eplejuice av, og denne vert seldt i Bergen hjå Reindyrka, Matkollektivet og Fruktbar, året rundt. Juicen frys eg inn, for å ta vare på mest mogleg smak og næring, fortel Djønne.

Alt til rett tid 

– Nokre utfordringar som økologisk drift byr på? 
God handtering av ugras rundt trea i rekkjene og sjukdommen epleskurv, er dei hovudsaklege utfordringane i økologisk fruktdyrking. Det å gjere alle ting til rett tid i ein hektisk kvardag, kan vere vanskeleg. 

Dekker jorda med gras 

– Noko ved økologisk drift som du tenker at konvensjonelle bønder ville hatt god nytte av? 
Jorddekke som er eitt av tiltakene i ugrashandteringa i trerekkjene, har eg god tru på. Ved hjelp av ein grasknusar, påmontert ei skrue, får eg lagt graset under trea etterkvart som eg slår. Dette er ein god måte å dempa ugrasveksten på. Samtidig får eg ein god gjødselverknad. Til dette brukar eg ei maskin frå Nobili, med ei såkalla SDS-løysing (sjå bilete under, kor grasknusaren er på traktoren).

Slått av gras med Nobili SDS   FOTO: Jorunn Hanto-Haugse
Slått av gras med Nobili SDS FOTO: Jorunn Hanto-Haugse
Slått av gras med Nobili SDS - Foto: Jorunn Hanto-Haugse
Slått av gras med Nobili SDS - Foto: Jorunn Hanto-Haugse

Bygger om for juice og øl

Med 26 dekar epletre og 5 dekar plommetre utgjer produkajonen om lag 1 årsverk. Ein del av epla blir til juice.
Driftsbygningen er frå om lag 1870. Den er no under ombygging til produksjonslokale for eplejuice og øl. Det vil og verte lagt opp til besøk og smaking av produkt på garden.

Viktig med fagmiljø

– Interessen for økologi har vore med meg lenge, og gjennom store delar av utdanninga, seier Rolf Tore Djønne, som mellom anna har 1-årig økoagronomkurs frå Stend jordbruksskule og bachelor i økologisk landbruk frå Høgskolen i Hedmark, Blæstad. – I desse studiane vart eg kjend med mange ivrige og dyktige økologar, seier han nøgd.

Opheim gard ligg i Ulvik herad i Hardanger i Hordaland fylke.
Arealet er 75 dekar innmark, 132 dekar utmark og 1136 daa skog. Garden har og om lag 600 daa beite (felles utmarksbeite). 61 dekar eige areal og 2 dekar leigd areal er nytta til økologisk produksjon.
Garden vert driven av Rolf Tore Djønne og Alis Lund-Johansen, med ungane Synva (8) og Sigurd (6) Opheim.

I denne serien med portrettintervjuer vil vi presentere alle #Inspirasjonsbøndene i prosjektet Landbrukets ØKOLØFT

I samarbeid med de 7 andre samarbeidende organisasjonene, skal vi sette økologisk landbruk på dagsorden og gi konkrete råd og veiledning til bønder som vil legge om eller er nysgjerrige på økologiske driftsmetoder. 
Under "Hva skjer?" på prosjektets forside vil du å finne eksakt dato i nærheten av deg. Inviter gjerne mange kolleger til å bli med!

 

Tilbake til toppen