Økoprisen Vestland til Undeland gard
Undeland Gard er Vestlands største andelslandbruk, og forsyner over 80 familier og flere lokale spisestader med økologisk «Hardangergrønt». I helgen fikk de Økoprisen Vestland, og vi gratulerer!
Årleg deler fylkeslaget Økologisk Vestland ut Økoprisen. I år gjekk prisen til Undeland Gard i Ulvik.
Katinka Kilian og Gregorz Kramar starta med produksjon av økologiske grønsaker i 2015, og i 2017 starta dei opp Ulvik andelslandbruk. I 2020 har andelslandbruket blitt fylkets største, og forsørgjer over 80 familier og flere lokale spisestader med økologisk «Hardangergrønt». Eit viktig mål for dei har heile vegen vore å synleggjere verdien av slik produksjon i vår region.
Dei har utmerka seg med si gode evne til å formidle og synleggjere verdien av ei slik produksjon i vår region, og driv eit utretteleg arbeid med å opplyse og inspirere kunder og interesserte både fjern og nær. Pedagogisk og tydeleg formidling gjennomsyrer heile drifta, enten det er under besøk frå barnehageborn, opplæring av andelshavarane eller kurs i grønsaksdyrking både for hobbygartnarar og yrkesdyrkarar. Kanskje nettopp derfor er også Undeland Gard valt ut som ein av inspirasjonsbøndene i Landbrukets Økoløft.
Dei legg vekt på å dyrke vekster som trivst i vestlandsklima.
Pionerer på Vestlandet
Marknadshagar og andelsbruk som konsept, der småskalaprodusentar sel varene sine direkte til forbrukar, har blitt meir og meir kjent dei siste åra. Men då Undeland starta opp var dei å rekne som pionerar. Med ukeleg mot har dei bidratt til å oppmuntre og utdanne nye krefter innan dette feltet.
Undeland Gard leverer grønsaker av høg kvalitet til andelshavarar, restauranter og forbrukarar, mellom anna til Lysverket som i år fekk ei Michelinstjerne. Dei legg vekt på å dyrke vekster som trivst i vestlandsklima, og utforskar heile tida kva som fungerer i eit stadig meir utfordrande klima. Dei siste par åra har dei også byrja dyrke snittblomar, noko som viser evne til omstilling og utvikling av nye produkt. I ein region der landbruket framleis er sterkt prega av tradisjon, viser dei at ein kan nå langt ved å velje utradisjonelle måtar. Drifta er økologisk sertifisert av Debio.
Økoprisen Vestland er eit handslag og ein takk til personar, lag, organisasjonar eller verksemder som på ulike måtar har synt særleg engasjement eller innsats for å fremje økologisk landbruk, forbruk og utvikling. Prisvinnaren vert heidra med eit bilete av ein lokal kunstnar og kr 15 000,-. Prisen ble delt ut av landbrukssjef Rolf Tore Djønne under Slow Food Hardanger sin medlemsmiddag i Ulvik 19.11.
Tidlegare prisvinnarar
2021: Lygre Livsgard, Bjørnafjorden
2019-2020: Ikkje utdelt
2018: Alm Gardsis, Feios i Sogn
2017: Anne Lise Hovland Haukadal (Kroken Frukt og Bær) Luster
2015: Bjørg Fritsvold, Aurland
2014: Hilde Buer og Anders Braanaas (Sørværet Villsau)
2013: Reindyrka, Bergen
2012: Balholm, Balestrand
2011: Homlagarden, Norheimsund
2010: Pascale Baudonnel, Undredal
2009: Hanne Frostad (Spisestedet Høyden)
2008: Kari Haga og Nils Vange, Vik
2007: Godt Brød
2006: Finnegarden, Voss
2005: Sogn Jord- og Hagebruksskule, Aurland
Økologisk Vestland
Økologisk Vestland er eit fylkeslag under den ideelle organisasjonen Økologisk Norge, der både produsentar og forbrukarar er medlemmar. Fylkeslaget skal være samlande, og ein ressurs for lokallaga i Sunnfjord og Bergen, som er lokallaga me har på Vestlandet pr. februar 2022.
Lokallaga er drivne av frivillige. Me ynskjer å spreie informasjon om økologisk jordbruk og forbruk, og vil bidra til eit trygt jordbruk for oss og kommande generasjonar. Økologisk matproduksjon gir sunnare mat, mindre klimautslepp, større naturmangfald, tryggare dyrevelferd og betre vilkår for alle som produserer maten vår, både i Norge og elles i verda. Les meir her.