Hopp til innhold

Grøn Veke

Grøn veke: Saman løfter vi fram verdiar som varer

25. til 29. november vert det grøn veke. Då inviterer vi alle økovenner og bygdekvinner til å dele sine grøne tips gjennom veka.

Samarbeid er veien
Grøn Veke 2025 har Økologisk Norge og Norges Bygdekvinnelag eit samarbeid kor vi saman løfter fram grøne val knytt til mat, dyrking og berekraftige kvardagsrutinar.

Saman om grøne val denne veka 
I Økologisk Norge trur vi på verdiar som står seg over tid. Difor ønskjer vi å løfte fram grøne vanar og eigne tradisjonar som ein motpol til Black Week og kjøpepresset som høyrer med.

No vil vi invitere alle med på Grøn veke. La oss bruke tida til å spørje: Kva treng vi eigentleg? Kva kan vi reparere, dele, låne eller lage sjølve? Saman kan vi vise at små handlingar betyr mykje.

Bruk emneknaggane:
#nøysom #grønveke #grønnuke #norgesbygdekvinnelag #matberedskap #okologisknorge

Del gjerne bilete, små filmar, historier, tips og oppskrifter – alt som kan inspirere andre.

La oss lage ein grøn tråd gjennom heile veka!
Vi håpar mange vil vere med på å fylle veka med gode råd, tips og aktivitetar som inspirerer – både i eiga bygd og på tvers av landet.

Saman set vi berekraft på agendaen og saman tek vi gode val for oss sjølve -  og for naturen! 

Hva er NØYSOM prosjektet

Tema du kan dele frå Nøysom

  • Miljøvennleg og kjemikaliefri heim
    Heimelaga såper, plastfrie alternativ, kreative gjenbruksløysingar.
  • Dyrk sjølv
    Stor eller liten hage – del dyrketips og eigne erfaringar.
  • Berekraftig matforbruk
    Restemat, sesongvarer og smarte kvardagsoppskrifter.
  • Redusert forbruk og gjenbruk
    Reparasjon, omsaum, bytting og kreative prosjekt som gir nytt liv til gamle ting

Les meir om Nøysom her!

Tilbake til toppen