Informasjon
- Dato: 18. nov. 2026 - 17:30 - 19:30
- Sted: Bergen offentlige bibliotek, Strømgaten 6, 5015 Bergen
- Se kart
- Arrangør: Naturvernforbundet Hordaland, Hordaland Bonde- og Småbrukarlag og Økologisk Vestland.
Har Vestland nok mat om krisa råkar? Bli med på ein kveld om matberedskap, miljø og framtida for landbruket – og feiring av dei som viser veg for økologien på Vestlandet.
Mat bør vere ein sentral del av beredskapsplanane våre. Men kor godt rusta er me dersom forsyningane sviktar? Har me gjort oss for avhengige av import, og korleis heng omsynet til naturen saman med evna til å produsere vår eigen mat?
Naturvernforbundet Hordaland og Hordaland Bonde- og Småbrukarlag opnar med ei felles innleiing. Deretter utfordrar me fylkespolitikarane til debatt om kva som må til for å styrkje matberedskapen i Vestland.
I panelet:
• Eirik Furuberg (Raudt)
• Per Jarle Kosior Valvatne (Arbeidarpartiet)
• Sara Hamre Sekkingstad (Senterpartiet)
• Representant frå Høgre – namn kjem
Det blir god tid til spørsmål frå salen.
Under arrangementet deler Økologisk Vestland ut årets Økopris Vestland. Prisen har vore delt ut sidan 2005 og heidrar dei som gir økologien røter og vekst på Vestlandet – gjennom dyrking, foredling, formidling og engasjement. Ei anerkjenning av kunnskap, pågangsmot og uthald som betyr noko langt utover eiga verksemd.
Arrangementet er eit samarbeid mellom Naturvernforbundet Hordaland, Hordaland Bonde- og Småbrukarlag og Økologisk Vestland.
Vel møtt til debatt og prisutdeling!
Ingen påmelding - gratis inngang.
