Vie Andelslandbruk SA
Medlemsstyrt andelslandbruk stifta januar 2016 med 35 medlemmer. Vi hadde ein svært vellukka førstesesong med mye jobbing, mange kjekke dugnader, fått prøvd ut 60-70 sortar grønsaker og hadde ein overdådig produksjon. I 2017 var vi 49 medlemmer, ein kald og våt sommar gjorde avlinga mindre og utfordringane større, men vi fekk drivhus på plass. Nye medlemmer strøymer til i 2018.
Jordlappen leiger vi av Sjur Wie og Solveig Strømmen. Vår Oikos-rettleiar sier det er prima jord, og produksjonen stadfestar det. Vi er mange amatørar og heldigvis har vi mange gode hjelparar. Årsmøtet vel styre, og i år er vi tre andelseigarar som delar på jobben som gartnar/dagelg leiar. I år satsar vi på å byggje veksttunnel også.
-