Hopp til innhold

Informasjon om Økoguiden

Vi held til på garden Gjerdsbakk på Dimnøya i Ulstein kommune. Vi har drive med bier og bær i mange år, og sidan 2016 har vi hatt Andelslandbruk. Vi dyrkar mange typer grønnsaker, salat og urter, i tillegg til frukt, bær og birøkt. Vi har også andelar i bikubene.
FOTO:
+12

Gjerdsbakkane

Vi held til på garden Gjerdsbakk på Dimnøya i Ulstein kommune. Vi har drive med bier og bær i mange år, og sidan 2016 har vi hatt Andelslandbruk. Vi dyrkar mange typer grønnsaker, salat og urter, i tillegg til frukt, bær og birøkt. Vi har også andelar i bikubene.

På garden vart det dyrka bær i større skala på -50 og -60-talet. Midt på -90-talet planta vi på nytt bringebær i stor skala, i tillegg til hageblåbær. Etter det har vi fått stadig meir av 'vanlige' bærtyper, som rips, solbær, stikkelsbær, jordbær og anna. På andelslandbruket dyrkar vi mest grønnsaker, urter og salat, og har mykje potet - mange sortar. Vi har andelar i grønnsaksdyrking, og andelar for birøkt. I 2019 opna vi også for andelar utan dugnad for dei som ønsker det. I løpet av dei tre åra vi har drive har vi hatt to uvanleg tørre og varme sommarar (2016 og 2018) - og har hatt varierande resultat - men har kvart år hatt god avling. Vi legg opp til fellesdugnadar og sosiale samankomstar med grilling etter dugnaden, og mange småbarnsfamilier er andelseigarar. Dette gir familier ei unik muligheit til å vere saman ute i naturen, og ei super opplæring for borna. Frå 2018 har også den lokale barnehagen hatt Barnehage-hage som ein del av andelslandbruket. Vi brukar ingen kunstig gjødsel eller sprøytemiddel - vi brukar berre naturgjødsel og må luke ein del for hand. For å unngå for mykje luking dyrkar vi mykje i karmar, og brukar svart plastduk som underlag oppå graset. Vi legg opp til 10-12 timar dugnad pr andel pr sesong, men det er sjølvsagt kjekt om folk ønsker å vere her meir enn det. Pris pr andel er 2000,- fyrste året, deretter 1500,- påfølgande år. For ein andel i birøkt kostar det 1000,- ekstra, men då er det garantert 4 kg honning pr andel, og får god opplæring i form av litt ekstra dugnad i bigarden.


48229991

-
Tilbake til toppen