Gardsbutikken på Sogn jord- og hagebruksskule
I gardsbutikken finn du eit breitt utval av økologiske daglegvarer og gåveartiklar. Skulen har også gartneri med sal av blomstrar, oppalsplanter, hageutstyr og mykje meir. Gardsbutikken ligg på tunet til landets einaste heiløkologiske landbruksskule. Idyllisk plassert mellom fjord, fjell og fjøs.
Gjennom sesongen tilbyr gardsbutikken grønsaker, frukt og bær produsert ved SJH. Dei foredlar varer som til dømes honning, eplesaft og meieriprodukt i eige ysteri. Alt økologisk, sjølvsagt.
I gardsbutikken sel dei dessutan mykje frå andre lokale bedrifter, som is, kjøt, sjokolade, hudpleie og ullprodukt. Ein rekkje av produkta finst i lausvekt; slik kan dei redusere på både pris og plastemballasje. Utanom sesongen importerer dei frukt og grønt, slik at det alltid er eit stort økologisk utval.
I tillegg har butikken eit stort utval av innkjøpte grøne planter, potte- og snittblomar. Gjennom sommar og haust tilbyr dei eigenproduserte, økologiske snittblomar rett frå åkeren.
I vekstsesongen kan du få tak i eit rikt utval av tre, buskar, økologiske sommarblomar, urter og grønsaksplanter dyrka i gartneriet. Dei sel også alt anna du treng til kjøkkenhagen. Dei utfører alt innan binderi til bryllaup, dåp, gravferd og andre merkedagar. Du kan tinga samanplantingar, bukettar og oppsatsar som lagas etter ditt eige ynskje. Dei leverer i heile Aurland kommune etter avtale.
Sjå nettsida for åpningstidar i løpet av året.
974 778 564