Fru Aarviks vesle bakeri
I det vesle økologiske bakeriet og kafèen i Baldersheim på Veslandet bakar dei alt for hand i steinovnar. Her bakar dei surdeigsbrød, skillingsbollar, mandelknutar, croissanter, store kringler, scones, focaccia og mykje anna økologisk handtverksbakst som varierer litt etter årstid og ynskje frå kundane og bakaren sin inspirasjon. Sjekk opningstider på nettsida.
I bakeriet nyttar dei økologiske råvarer frå Noreg, ikkje berre fordi dei har særs høg kvalitet, men først og fremst fordi bøndene ikkje brukar sprøytevernmidlar og kunstgjødsel.
Baksten bakes med steinmalt økologisk mjøl frå gardar på austlandet. Her kan du også tinga frukost i samband med opphaldet ditt.
Å bake med surdeig har lange tradisjonar, over 5000 år tilbake i tid, og er den opphavlege måten å bake brød på. Surdeigsbrød er eit sunnare alternativ enn gjærheva brød fordi surdeigsheva brød er lettare for kroppen å fordøye og gir eit betre næringsopptak. Eit godt og sunt brød treng berre 3 ingrediensar: mjøl, vatn og salt. I tillegg er det godt for tarmens mange gode bakteriar å nytta ulike fiberrike råvarar som nøtter, frø og heile korn i brøda også.
Urkorn var også eit naturleg val sjølv om bakeeigenskapane ikkje er like god som hos dei vidareforedla sortane. Til dømes så har gamle kveitesortar som einkorn, emmer og spelt svakare gluten i tillegg til å ha eit høgare innhald av dei viktige næringsstoffa samanlikna med moderne kveite. I alle surdeigsbrøda er det brukt surdeigsstartar som er basert på svedjerug og landkveite eller spelt.
923 484 973