Hopp til innhold

Informasjon om Økoguiden

Eikanes andelshage ligg 4 km vest for Etne sentrum i Sunnhordland. Andelshagen produserer grønsaker, urter og poteter og er ein del av garden Eikanes som i sin heilskap er Debio-godkjent økologisk. Som andelshavar kan du velje mellom å hauste sjølv eller hente ferdighausta kassar på garden.
FOTO:
+29

Eikanes andelshage

Eikanes andelshage ligg 4 km vest for Etne sentrum i Sunnhordland. Andelshagen produserer grønsaker, urter og poteter og er ein del av garden Eikanes som i sin heilskap er Debio-godkjent økologisk. Som andelshavar kan du velje mellom å hauste sjølv eller hente ferdighausta kassar på garden.

Andelshagen starta opp i 2017 med 15 dedikerte andelshavarar. I dei påfølgjande sesongane har talet på andelshavarar vore det same, men i tillegg har me også levert ein god del grønsakskassar og vore med på bondemarknadar. Ettersom grønsaksdyrking var heilt nytt her på garden, har me nytta tida på å tileigne oss kunnskap og erfaring samstundes som me har blitt kjende med andelsmodellen. Etter tre vêrmessig utfordrande sesongar er konklusjonen at det meste veks og gir gode avlingar, og at andelseigarar er svært takksame menneske. For sesongen 2020 vil me difor ønske fleire andelshavarar velkomne. Det vil i alle fall vere rom for 30 andelar. Andelshagen er ein del av gardsbruket Eikanes og er bondestyrt. Det er ikkje obligatorisk dugnad, men det blir sendt ut invitasjon når det er større ting på gang i åkeren, slik at dei som ønsker det får høve til å vere med. Det er også mogleg å hjelpe til kva tid ein måtte ønske. Dei som hjelper til med arbeidet, får ein litt meir rundhanda andel som takk. Det blir dyrka 30–40 ulike grønsaker på om lag 3 mål, men området som er sett av til andelshagen, er over dobbelt så stort. I tillegg er det eitt mål med potet og 80 kvm drivhus der tomat og agurk er faste innslag. Ein urtehage er også under oppføring og vil bli tatt i bruk sesongen 2020. Heile garden blir driven etter økologiske prinsipp og er godkjend av Debio si sertifiseringsordning. Ein andel kostar 3000,– dersom du kjem og haustar sjølv. Om du vil at me skal hauste for deg, kostar det 4000,–. Då haustar me ein grønsakskasse til deg om lag annakvar veke som du kan komme og hente på bruket eller få levert på døra mot tillegg i pris. Det er også mogleg å få familieandel. Me sender ut haustemeldingar på e-post for ei eller to veker om gongen, alt etter kvar i sesongen me er, og du kan då komme og hauste andelen din når det passar deg. Om du er interessert i å bli andelshavar eller bestille grønsakskassar, er det berre å ta kontakt med Ingemund Thorsheim Askeland på telefon eller e-post. Velkomen til Eikanes andelshage!


97188218

-
Tilbake til toppen