Hopp til innhold

Informasjon om Økoguiden

Økologisk mangesysleri i Sauda.  Dei har ope gardutsal heile året der du kan handle kjøt frå urfe og grønnsaker i sesong!

Bakken Gard

Økologisk mangesysleri i Sauda.  Dei har ope gardutsal heile året der du kan handle kjøt frå urfe og grønnsaker i sesong!

Litt om oss

Bakken Gard ligg på Austarheim, om lag 4 km frå Sauda sentrum.

Bakken Gard er eit økologisk mangesysleri. Me driv med mjølk- og kjøtproduksjon av storfe, sauehald, grønsaker, poteter og har eiga sag. Alt du handlar hjå oss er usprøyta og økologisk. Me er opptekne av å ta vare på gamle husdyrrasar og drive garden på ein berekraftig måte. Me har eige gardsutsal der me sel varene våre. Gardsutsalet er sjølvbetjent og alltid ope. Det er skilta med gult skilt og gul dør i tunet.

Grønsaker og poteter

Me sel poteter og grønsaker i sesong rett frå åkeren. I år har me potetsorten Nansen, ei potet som er kokefast og litt gul i kjøtet med god smak. Denne får du tak i starten av september. Utvalet av grønsaker varierer gjennom sesongen og frå år til år.

Me prøver alltid å ha ein del av dei grønsakene som lar seg lagre gjennom hausten og vinteren.

Kjøt

Me et opptekne av å ta vare på gamle husdyrrasar, så kjøtet du finn i utsalet vårt er ikkje som det du finn i butikken. Me prøver å ta inn ulike stykningsdelar av kjøtet som ikkje er så enkelt å få tak i andre stader.

Storfekjøtet kjem frå ku rasen vestlandsraudkolle. Dette er ein av dei eldste ku rasane me har i Noreg og den blir beteikna som urfe. Vestlandsraudkolle er rekna som utrydningstrua og det er bevaringsprogram for rasen. Kjøtet frå desse dyra er smaksrikt og finfibra. Kjøt frå storfe som reknast som urfe er eksklusivt.

Felles for alt kjøtet me sel er at dyra er sertifisert økologisk, men kjøttet er ikkje sertifisert etter slakting. Likevel kan du vere trygg på at kjøtet held høg kvalitet. 

Ull og skinn

Me har sal av saueskinn frå gamal norsk spælsau. Me har også moglegheit til å trykke på heil skinnfell eller lage sitjeunderlag på bestilling. I tillegg finn du strikkepakkar med garn som er frå gamalnorsk spælsau, som du kan strikke og tove vottar av.


90207003

832615552
Tilbake til toppen