Hopp til innhold
Ytring:

All norsk melk må bli økologisk

All norsk melkeproduksjon må legges om til økologisk, og all fôring med soya til norske husdyr må trappes ned over ein 5-årsperiode, foreslår Økologisk Norge sine to fylkeslag i Trøndelag. 

Vi meiner at melkeproduksjonen pr ku no har blitt for høg. Ved litt lågare melkeyting pr ku, vil ein kunne produsere melka med mindre kraftfor pr liter melk. Dette forslaget vil på kort sikt løyse ei av dei største utfordringane norsk landbruk har stått overfor på lenge: Nedtrappinga av melkeproduksjonen på grunn av slutt på eksport av Jarlsbergost.

Naturleg nedtrapping

 Nesten 10% av den norske melka brukes i dag til produksjon av Jarlsbergost. Denne produksjonen må bort innan kort tid. Med dagens produksjons-, fôrings- og økonomiregime betyr dette at mange kyr og mange melkebønder må bort. Reint teknisk vil forslaget om «All norsk melk økologisk»  bety ein «naturleg» reduksjon av melkemengda i Norge. 

Meir grovfôr i øko

Forslaget er faktisk gjennomført i praksis i liten skala i Østfold. Der hadde økomelkprodusentane, TINE og Felleskjøpet eit prosjekt der alt fôr var norsk og kraftforprosenten var låg.
Gjennomsnittskua på økobruket tar i dag opp vesentleg meir grovfor enn den konvensjonelle kua. I økologisk mjølkeproduksjon er det eit mål å ha høg grovfôrandel i fôrrasjonen. Dette betyr at dyra må kunne ta opp store mengder grovfôr. I 2016 var grovfôropptaket hos kyr på konvensjonelle bruk i Trøndelag 65 MJ (9 Fem) per dag i snitt, mens snittet for kyr på økologiske bruk var 77 MJ (10,9 Fem) per dag viser TINE-statistikken.

Meir bærekraftig 

På lang sikt vil forslaget styrke tiltrua til norsk landbruk generelt og alle norsk melkeprodukt spesielt. At alle norske melkeprodukt vil vera 100% økologisk, vil vera ein verkeleg styrke for det norske landbruket.
Den mest bærekraftige kjøttproduksjonen får du ved kombi kjøtt/melk-produksjon. Ved lågare melkeyting pr ku vil ein også produsere fleire kalvar som igjen kan gi meir kjøtt.  Viss ein større del av desse kalvane produserer kjøttet på nesten berre gras så vil dette vera svært bærekraftig. 

På Tine sine medlemssider ligg ein fagartikkel av Harald Volden som viser til fordelar ved reduksjon av melkemengde pr ku.

Økologisk Norge sine to fylkeslag, Økologisk Nord-Trøndelag og Sør-Trøndelag foreslår difor at all norsk melkeproduksjon legges om til økologisk og at all foring med soya til norske husdyr trappes ned, bege delar over ein femårsperiode. Vi håper at Staten og faglaga i samarbeid med TINE vurderer forslaget vårt.

Dette forslaget er vedtatt på felles styremøte mellom dei to laga, Sør-Trøndelag Økologisk Norge og Nord Trøndelag Økologisk Norge. Dei to fylkeslaga til Økologisk Norge i Trøndelag er mellom hovedaktørane i og bak ØKOUKA i Trøndelag.

Tilbake til toppen