Hopp til innhold


Føredrag med Kristin Swärd om artsmangfaldet i landbruket.

Dette er historien om korleis svedjerugen vart redda av sju spirande korn.

Informasjon

  • Dato: 08. sep. 2019 - 15:00
  • Sted: Blakstad Gard, Sørestrandvegen 1009, Ikornnes, Sykkylven
  • Se kart
  • Arrangør: Sykkylven lokalmatfestival

Dei siste 100 åra har landbruket på verdensbasis mista tilnærma 70 % av sitt plantegenetiske mangfald. Tap av biologisk mangfold er i dag anerkjent som det viktigaste globale miljøproblemet saman med menneskeskapte klimaendringar. Dersom utviklinga ikkje vert snudd vil dette ha betydelege konsekvensar for vår økonomi, helse og sikkerheit.

Dette er historien om korleis svedjerugen vart redda av 7 spirande korn. Kom og høyr på eit inspirerande føredrag om genmangfaldet i landbruket og korleis ein kan ta vare på såfrømangfaldet i Noreg.

Kristin Swärd er lidenskapleg oppteke av artsmangfaldet i landbruket. Saman med ektemannen Johan Swärd driv ho ein økologisk, biodynamisk gard i Gran kommune. På garden dyrker dei mellom 70- 80 ulike kornslag og rundt 20 ulike potetsortar. Dei eldste sortane er meir enn 5000 år gamle. Ekteparet har Norge sitt einaste gardsgenbank og i 2011 fekk dei plantearvprisen for sitt arbeid med å bevare gamle kornsortar.

Kontaktperson

Mandy Häger
Telefon: 70246710
Tilbake til toppen