Hopp til innhold


Sogn Jord- og Hagebruksskule

Kan du tenkja deg å jobba innan økologisk landbruk eller berekraftig samfunnsutvikling?

Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH) er ein vidaregåande skule med elevar frå heile landet i alle aldrar. Her finn du eit jordnært og sterkt fagmiljø innan husdyr, grønsaker, frukt, foredling, garden som ressurs og mykje meir.

 

Det allsidige skulegardsbruket står sentralt i undervisinga. Studieturar og praksisperiodar gir ekstra fagleg påfyll og inspirasjon.

Skulen tilbyr Vg2 Landbruk og gartnarnæring, økologisk og Vg3 Landbruk, økologisk. Etter fullført utdanning blir du agronom i økologisk landbruk.

SJH tilbyr også fagskuleutdanning i handverksysting i samarbeid med Fagskulen Vestland og Trøndelag høyere yrkesfagskole avd. Trondheim. Fagskuleutdanninga går på deltid over to år og gir tittelen ysteteknikar. Ysteriet ved SJH vart nyleg oppgradert til eit ypparleg produksjons- og undervisningslokale.

Ressurssenteret ved SJH tek seg av besøk, kurs og prosjekt utanom undervisinga. Kursa er opne for alle. Mjølkeforedling, ølbrygging, birøkt, kompostering og andelslandbruk har vore tema dei siste åra.

På skulen finn du ein populær gardsbutikk, som er open måndag til laurdag. Butikken har eit breitt utval av økologiske og lokalproduserte daglegvarer, og mange etiske gåveartiklar.

Her kan du finne svar på ofte stilte spørsmål.

Her kan du sjå filmsnuttar frå undervisinga.

Her kan du lese intervju med tidlegare elevar.

FOTO: Elisabeth Fagerland / SJH
FOTO: Elisabeth Fagerland / SJH

 

Ta gjerne kontakt for ein hyggeleg prat eller for å avtala besøk: sjh@vlfk.no / 57 63 71 00

Tilbake til toppen